Formatera topp- og botntekstar

Du kan bruka direkte formatering på teksten i ein topp- eller botntekst. Du kan òg tilpassa avstanden på teksten i høve til topp- eller botntekstramma eller bruka kantlinjer på topp- eller botnteksten.

  1. Vel Format → Side og deretter fana Topptekst eller Botntekst.

  2. Vel avstandsinnstillingane du vil bruka.

  3. For å leggja til kantlinjer eller skugge på topp- eller botnteksten, trykk på Andre. Dialogvindauget Kantlinje/bakgrunn vert då opna.

Om topp- og botntekstar

Laga ein sidestil basert på den gjeldande sida

Laga ulike topp- og botntekstar

Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

Støtt oss!