Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

Før du kan setja inn kapittelinformasjon i ein topp- eller botntekst, må du velja kapittelnummerering for avsnittsstilen du vil bruka kapitteltitlar på.

Slik førebur du ein avsnittsstil for kapitteltitlar

  1. Vel fana Verktøy → Overskriftsnummerering → Nummerering.

  2. I boksen Nivå vel du 1.

  3. I boksen Avsnittsstil vel du avsnittsstilen du vil bruka for kapitteltitlar, for eksempel Overskrift 1.

  4. Vel nummereringsskjemaet for kapitteltitlane i boksen Nummer, for eksempel, 1, 2, 3, ….

  5. Skriv Kapittel med eit mellomrom etter i boksen Før.

  6. Skriv inn eit mellomrom i boksen Etter.

  7. Trykk OK.

Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

  1. Bruk den avsnittsstilen du laga for kapitteloverskifter i dokumentet.

  2. Vel Set inn → Topptekst og botntekst → Topptekst eller Set inn → Topptekst og botntekst → Botntekst og vel sidestilen på den gjeldande sida frå undermenyen.

  3. Trykk i topp- eller botnteksten.

  4. Vel Set inn → Felt → Fleire felt og klikk på fana Dokument.

  1. Trykk Overskrift i Type-lista, Overskriftsnummer og innhald i Format-lista, og 1 i Opp til nivå.

  2. Trykk på Ny, og deretter Lukk.

Kapittelnamna og -nummera vert no automatisk viste på alle sider som brukar den gjeldande sidestilen.

Støtt oss!