Om topp- og botntekstar

Topp- og botntekstar er område i dei øvste og nedste sidemargane der du kan leggja til tekst eller bilete. Topp- og botntekstar vert lagde til den gjeldande sidestilen. Alle sidene som bruker den same stilen får automatisk den topp- eller botnteksten du legg til. Du kan setja inn felt, som for eksempel sidetal og kapitteloverskrifter, i topp- og botntekstane i eit tekstdokument.

Merknadsikon

Sidestilen på den gjeldande sida vert vist på statuslinja.


Topp- og botntekstar i HTML-dokument

Nokre av topptekst- og botntekstinnstillingane er også tilgjengelege for HTML-dokument. Topp- og botntekstar er ikkje støtta av HTML og vert i staden eksporterte med spesielle taggar, så ein kan sjå dei med ein nettlesar. Topp- og botntekstar vert berre eksporterte til HTML-dokument dersom dei er tekne i bruk i vevoppsett-modus. Når du opnar dokumentet i LibreOffice att, vert topp- og botntekstane viste på rett måte. Det vert også eventuelle felt du har sett inn i dei.

Støtt oss!