LibreOffice 25.2 Hjelp
Eit hovuddokument lèt deg handsama store dokument, som for eksempel ei bok med mange kapittel. Hovuddokumentet fungerer som ein behaldar for dei enkelte LibreOffice Writer-filene. Dei enkelte filene vert kalla underdokument.
Gjer éin av desse:
Vel Fil → Ny(tt) → Malar og dokument
Opna eit dokument og vel Fil → Send → Lag hovuddokument.
Når du lagar eit nytt hovuddokument, må den første oppføringa i «Dokumentstrukturen» heita
. Skriv inn ei innleiing eller litt tekst. Dette gjer at du kan sjå korleis deldokumenta ser ut når du har redigert stilane i hovuddokumentet.Trykk på, og hald nede ikonet
i for hovuddokument (det skal opnast automatisk, men om det ikkje skjer, trykk på F5) og gjer eitt av desse:Du set inn ei fil som finst som eit deldokument ved å velja Opna.
, finna fram til ønskt fil og deretter trykkja påDu kan laga eit nytt underdokument ved å velja Nytt dokument, skriva inn namnet på dokumentet og trykka på Lagra.
Du kan setja inn tekst i hovuddokumentet mellom underdokumenta ved å velja Tekst og skriva inn teksten. Du kan ikkje setja inn tekst ved sida av ein tekst som finst i dokumentstrukturen.
Vel Fil → Lagra.
Bruk Dokumentstrukturen for å omorganisera og redigera underdokumenta i eit hovuddokument.
Dobbeltklikk på namnet på eit underdokument i Dokumentstrukturen for å opna det for redigering.
For å fjerna eit deldokument frå hovuddokumentet, høgreklikk på det i «Dokumentstrukturen» og vel Slett. Deldokument-fila vert ikkje sletta, berre oppføringa i Dokumentstrukturen.
For å leggja til tekst i eit hovuddokument, høgreklikk på eit element i lista i «Dokumentstrukturen» og vel Set inn → Tekst. Det vert då sett inn ein tekstbolk i hovuddokumentet før det valde elementet. I denne kan du skriva kva du vil. Du kan ikkje setja inn tekst ved sida av ei tekstoppføring som finst frå før i Dokumentstrukturen.
For å omorganisera deldokumenta i eit hovuddokument, dra eit deldokument til ei ny plassering i Dokumentstrukturen. Du kan også velja eit deldokument frå lista og trykkja på symbolet
eller .For å leggja til eit register, som for eksempel ei innhaldsliste, i eit hovuddokument, høgreklikk på eit av deldokumenta i Dokumentstrukturen og vel Set inn → Register/innhaldsliste.
For å oppdatera eit register i eit hovuddokument, vel registret i Dokumentstrukturen og trykk på knappen Oppdater.
Når du set inn eit objekt, for eksempel ei ramme eller eit bilete, i eit hovuddokument, så ikkje forankra det «Til side». Vel i staden forankringa «Til avsnitt» i fana Format → (Objekttype) → Type og vel plasseringa «Heile sida» i listeboksane Vassrett og Loddrett.
Sjå til at alle deldokumenta byrjar med ei overskrift som brukar same overskriftsstil, for eksempel Overskrift 1.
Vel Vis → Stilar i hovuddokumentet og trykk på knappen Avsnittsstilar.
Høgreklikk «Overskrift 1» og vel Rediger.
Klikk på fana
.Vel
i området og vel deretter «Side» i boksen .Viss du vil at kvart deldokument skal byrja på ei oddetalsside, vel Med sidestil og vel «Høgreside».
Trykk OK.
Vel
.Vel filformatet for tekstdokumentet i lista Lagra som filtype og trykk Lagra.
Underdokumenta vert eksporterte som bolkar. Bruk
for å fjerna vernet av og fjerna bolkane, dersom du føretrekk eit tekstdokument utan bolkar.