LibreOffice 25.2 Hjelp
Eit hovuddokument lèt deg handsama store dokument, som for eksempel ei bok med mange kapittel. Hovuddokumentet fungerer som ein behaldar for dei enkelte LibreOffice Writer-filene. Dei enkelte filene vert kalla underdokument.
Når du skriv ut eit hovuddokument, vert alle underdokumenta, innhaldslistene og dei andre tekstane du har lagt inn, skrivne ut.
Du kan også oppretta ei innhaldsliste og eit register for alle underdokumenta i hovuddokumentet.
Stilar som vert brukte i underdokumenta, som for eksempel nye avsnittsstilar, vert automatisk importerte til hovuddokumentet.
Når du viser hovuddokument, vert stilar som allereie ligg i hovuddokumentet prioriterte framføre stilar med same namn som er importerte frå underdokument.
Underdokument vert aldri endra gjennom endringane som vert gjorde i hovuddokumentet.
Når du legg eit dokument til i eit hovuddokument eller opprettar eit nytt underdokument, vert det laga ei lenkje til dette i hovuddokumentet. Du kan ikkje redigera innhaldet i eit underdokument direkte frå hovuddokumentet, men du kan bruka Dokumentstrukturen for å opna underdokumenta for redigering.
Eit hovuddokument, hovud.odm, inneheld tekst og lenkjer til underdokumenta underdok1.odt og underdok2.odt. I kvart underdokument vert det laga og brukt ein ny stil med namn «Stil1», og underdokumenta vert deretter lagra.
Når du lagrar hovuddokumentet, vert stilane frå underdokumenta importerte til hovuddokumentet. Først vert den nye stilen «Stil1» frå underdok1.odt importert. Deretter vert dei nye stilane frå underdok2.odt importerte, men sidan «Stil1» no ligg i hovuddokumentet frå før, vert ikkje denne importert frå underdok2.odt.
I hovuddokumentet kan du no sjå den nye stilen «Stil1» frå det første underdokumentet. Alle «Stil1»-avsnitt i hovuddokumentet vert viste med «Stil1»-eigenskapane frå det første underdokumentet. Men det andre underdokumentet i seg sjølv skiftar likevel ikkje til denne stilen. Du kan framleis sjå «Stil1»-avsnitta frå det andre underdokumentet med andre eigenskapar, men dette er avhengig av at du opnar dokumentet underdok2.odt for seg sjølv, og ikkje som ein del av hovuddokumentet.
Bruk den same malen for hovuddokumentet og deldokumenta for å unngå forvirring. Dette skjer automatisk når du lagar eit hovuddokument med tilhøyrande deldokument frå eit eksisterande dokument med overskrifter når du brukar kommandoen Fil → Send → Lag hovuddokument.