Laga eit fletta brev

For å laga eit fletta brev, treng du eit tekstdokument som inneheld felt for adressedata, og ein adressedatabase. Deretter kan du kombinera eller fletta adressedataa og tekstdokumentet, anten for å skriva ut brev, eller for å senda dei som e-post.

note

Dersom dokumentet er i HTML-format, vert ikkje eventuelle bilete i dokumentet eller bilete det er lenkja til sende med i e-posten.


Vegvisaren for brevfletting hjelper deg med å laga fletta brev.

Laga eit fletta brev

  1. Vel Verktøy → Vegvisar for brevfletting.

    No er du komen til Vegvisaren for brevfletting. Dette er ein av mange måtar å bruka han på:

  2. Vel Start frå ein mal, og trykk Bla gjennom.

    Dialogvindauget Ny kjem fram.

  3. Vel Forretningskorrespondanse i den venstre lista og Moderne brev i den høgre. Trykk OK for å lukka dialogvindauget «Malar» og trykk på Neste i vegvisaren.

  4. Vel Brev og trykk på Neste.

  5. I det neste steget av vegvisaren klikkar du på knappen Vel adresseliste for å sjå etter at du brukar den rette adresselista. Ønskjer du å bruka ei adresseblokk, vel ein adresseblokktype og tilpass adressefelta om nødvendig og klikk på Neste.

  6. No er du komen til trinnet Lag helsing. Fjern avkryssinga for Set inn personleg helsing. Under Generell helsing kan du velja kva starthelsing du vil ha øvst på alle breva.

  7. Ønskjer du å plassera flettefeltet andre stadar i dokumentet, vel den tilsvarande kolonnen i adressekjelda og dra og slepp kolonneoverskrifta dit du ønskjer å plassera feltet. Forsikra deg om at du har merkt heile kolonnen.

  8. Trykk på Neste og deretter Fullfør for å laga brevflettinga.

Støtt oss!