Avstand mellom fotnotar

Dersom du vil auka avstanden mellom fot- eller sluttnotetekstar, kan du leggja til ei kantlinje på toppen og botnen av den gjeldande avsnittsstilen.

  1. Trykk på ein fotnote eller sluttnote.

  2. Vel Vis → Stilar

  3. Høgreklikk på avsnittsstilen du vil redigera, for eksempel Fotnote , og vel Rediger.

  4. Trykk på fana Kantlinjer.

  5. Trykk på Berre øvre og nedre kantlinjer i området Standard.

  6. Vel ei linje i lista Stil i området Linje.

  7. Vel «Kvit» i Fargeboksen. Har bakgrunnen på sida ein annan farge enn kvit, vel den fargen som liknar mest på bakgrunnsfargen.

  8. Fjern avkryssinga i boksen Synkroniser i området Avstand til innhaldet.

  9. Skriv inn ein verdi i skrivefelta Øvst og Nedst.

  10. Trykk OK.

Setja inn og redigera fotnotar og sluttnotar

Format → Avsnitt → Kantlinjer

Støtt oss!