Setja inn og redigera fotnotar og sluttnotar

Fotnotar refererer til meir informasjon om eit emne nedst på sida, medan sluttnotar refererer til informasjon på slutten av dokumentet. LibreOffice nummererer fotnotar og sluttnotar automatisk.

Å setja inn fotnotar og sluttnotar

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil plassera referansepunktet til fot-/sluttnoten.

  2. Vel Set inn → Fotnote og sluttnote → Fotnote eller Sluttnote.

  3. Vel formatet du vil bruka i området Nummerering. Viss du vel Teikn, trykk på knappen Vel og vel teiknet du vil bruka på fotnoten.

  4. I området Type, vel Fotnote eller Sluttnote.

  5. Trykk OK.

  6. Skriv inn fot-/sluttnoten.

Ikon

Du kan også setja inn fotnotar ved å trykkja på ikonet Set inn fotnote direkte på verktøylinja Set inn.

Å redigera ein fotnote eller ein sluttnote

Avstand mellom fotnotar

Fotnotar/Sluttnotar

Støtt oss!