LibreOffice 26.2 Hjelp
Det er enkelt å setja inn eit sidetalsfelt i botnteksten i dokumentet. Den enklaste måten er å bruka dialogvindauget Set inn → Sidetal. Prosedyren nedanfor viser ein manuell metode. Du kan også leggja til eit sidetal i botnteksten, for eksempel på forma «Side 9 av 12».
Viss den nødvendige sidestilen ikkje har ein botntekst ennå, vel Set inn → Topptekst og botntekst → Botntekst og vel sidestilen du vil bruka for botnteksten. Dette vil automatisk plassera markøren i den nyleg tillagte botnteksten. Viss sidestilen alt har ein botntekst, dobbeltklikkar du på botntekstområdet for å setja markøren der.
Vel Set inn → Felt → Sidetal.
Du kan justera sidetalsfeltet på same måte som tekst.
Trykk framføre sidetalfeltet og skriv Side . Trykk etter feltet, lag eit mellomrom og skriv av.
Vel Set inn → Felt → Tal på sider.
Tittelsider er ein vanleg måte å laga dokument med forskjellige sidenummereringsskjema.