LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan enkelt setja inn sidetalet til den komande sida i ein botntekst ved å bruka eit felt.
Sidetalet vert berre vist dersom den neste sida finst.
Vel Set inn → Topptekst og botntekst → Botntekst og vel sidestilen som denne skal leggjast til i.
Set markøren i botnteksten og vel Set inn → Felt → Fleire felt.
Klikk på fana Dokument i dialogvindauget Felt.
Trykk på «Side» i Typelista og «Neste side» i lista Vel.
Trykk på eit nummereringsskjema på lista
.Viss du vel «Tekst» i Formatlista, vert berre teksten du skriv inn i boksen Verdi vist i feltet.
Trykk på Set inn for å setja inn feltet med sidetal.