Om felt

Felt vert brukte for data som endrar seg i eit dokument, som for eksempel den gjeldande datoen eller det totale talet på sider i eit dokument.

Visa felt

Felt inneheld eit namn og eit innhald. For å skifta mellom vising av namnet og vising av innhaldet i feltet, vel Vis → Feltnamn.

For å visa eller gøyma feltuthevinga i eit dokument, vel du Vis → Feltskugge. Ønskjer du å slå av denne funksjonen permanent, vel du → LibreOffice → Programfargar og fjernar markeringa framføre boksen Feltskuggar.

For å endra fargen på feltskuggane vel du LibreOffice → Programfargar og finn fram til Feltskugge og vel ein annan farge i Fargeinnstillingar.

Felteigenskapar

Dei fleste typane felt i eit dokument, også databasefelt, lagrar og viser data.

Desse typane felt utfører ei handling når du trykkjer på dei:

Felttype

Eigenskap

Plasshaldar

Opnar eit dialogvindauge for å setja inn eit objekt som svarar til plasshaldaren. Gjeld ikkje for tekstplasshaldarar, der du trykkjer på plasshaldaren og skriv inn teksten over den gamle teksten.

Set inn referanse

Flyttar musepeikaren til referansen.

Utfør makro

Køyrer ein makro.

Innliste

Opnar eit dialogvindauge for å redigera innhaldet i feltet.


Oppdatera felt

For å oppdatera alle felta i eit dokument, trykk på F9 eller vel først Rediger → Merk alt og deretter F9.

For å oppdatera eit felt som er sett inn frå ein database, merk feltet og trykk på F9.

Merknadsikon

Plasshaldarane er ikkje oppdaterte.


Spørja etter brukarinformasjon i felt eller vilkår

Leggja til innskrivingsfelt

Setja inn eit fast eller variabelt datofelt

Vilkårstekst

Vilkårstekst som viser tal sider

Sidetal

Støtt oss!