LibreOffice 24.8 Hjelp
LibreOffice kan automatisk leggja til ulike sidestilar på partalssider (venstresider) og oddetalssider (høgresider) i dokumentet. For eksempel kan du bruka sidestilar som viser ulike topp- og botntekstar på par- og oddetalssider. Den gjeldande sidestilen vert vist på statuslinja nedst i arbeidsområdet.
Vel
og klikk på ikonet .Høgreklikk på «Venstreside» i lista over sidestilar og vel Rediger.
Trykk på fana Generelt.
Vel «Høgreside» i boksen Neste stil og trykk OK.
Høgreklikk på «Høgreside» i lista over sidestilar og vel Rediger.
Vel «Venstreside» i boksen Neste stil og trykk OK.
Gå til den første sida i dokumentet og dobbeltklikk på «Høgreside» i lista over sidestilar i stilhandsamaren.
For å leggja til ei overskrift til ein av sidestilane, vel
og vel sidestilen du vil leggja toppteksten til i. Skriv den ønskte teksten inn i topptekstramma.For å leggja til ein botntekst til ein av sidestilane, vel
og vel sidestilen du vil leggja botnteksten til i. Skriv den ønskte teksten i botntekstramma.Dersom du ikkje vil ha nokon topp- eller botntekst på tittelsida på dokumentet, bruk stilen «Første side» på tittelsida.
Dersom to partalssider eller to oddetalssider kjem rett etter kvarandre i eit dokument, set Writer automatisk inn ei tom side som standard. Du kan unngå at desse sidene vert skrivne ut eller eksporterte til PDF-filer.
Vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Skriv ut
Fjern avkryssinga for Ta med innsette tomme sider.