dra og slepp med dokumentstrukturen

Dokumentstrukturen er eit kraftig verktøy for å redigera dokument og handsaming av innhaldet, og gjer tekstredigeringa enkel med dra-og-slepp-funksjonane.

Du kan dra og sleppa element frå dokumentstrukturen for raskt å kunna setja inn kryssreferansar i teksten, laga hyperlenkjer mellom elementa inne i og utføre dokumentet eller kopiera element og innhaldet i dei. Du kan spara tid ved å bruka dokumentstrukturen fordi du reduserer museklikk og unngår unødvendige dialogvindauge.

Dra og slepp overskrifter

Du kan dra ei overskrift frå dolumentstrukturen ved å klikka på overskrifta og dra ho til dokumentet. Dei følgjande handlingane er mogelege, men dei er avhengige av det dregne elementet og samanhengen.

Handling

Skildring og resultat

Hyperlenkje

Set inn ei hyperlenkje til overskrifta. Innhaldet som vert vist, er teksten i overskrifta.

Bolklenkje

Set inn overskrifta og alt innhadet som ein lenkja bolk. Bolken er skriveverna.

Bolkkopi

Kopierer overskrifta med alt innhaldet og lim alt inn i ein bolk som ikkje er verna. Det finst inga kopling mellom kjelda og målet.

Sidetal (utan stil)
Kapittel
Referert tekst
Over - Under
Sidetal (med stil)
Tal
Tal (utan kontekst)
Tal (full kontekst)

Kryssreferansen for overskrifta. Same som Set inn → Felt → Fleire felt → Kryssreferanser, vel Overskrifter i Typar og vel den respektive referansevisinga i Referer med.


Dra og slepp bilete, rammer, OLE-objekt, teikneobjekt, bolkar og bokmerke

Når desse elementa vert sette inn frå dokumentstrukturen, vert dei viste med Namn-eigenskapen.

Handling

Skildring og resultat

Hyperlenkje

Set inn ei hyperkopling til biletet, ramma, OLE-objektet, teikneobjektet, bolken eller bokmerket. Elementet Namn vert vist i dokumentet.


Dra og slepp fotnoter og sluttnoter

Fotnoter og sluttnoter vert fjerna som sine eigne respektive kryssreferansefelt.

Dra og slepp tabellar

Tabellar kan setjast inn som hyperkoplingar, bolklenkjer eller verta kopierte.

Handling

Skildring og resultat

Hyperlenkje

Set inn ei hyperkopling til tabellen. Tabellnamnet vert vist i dokumentet.

Bolklenkje

Set inn tabellen som er pakka inn i ein skriveverna bolk. Heile tabellen vert vist. Innhaldet i den kopla tabellen vert endra når innhaldet i kjeldetabellen vert endra.

Bolkkopi

Set inn tabellen som er pakka inn i ein skriveverna bolk. Heile tabellen vert vist. Innhaldet i den kopierte tabellen vert ikkje endra når innhaldet i kjeldetabellen vert endra.


Støtt oss!

Støtt oss!