Vilkårstekst

Du kan setja opp felt i dokumentet som viser tekst når eit valt vilkår er møtt. For eksempel kan du laga ein vilkårstekst som skal visast i ein serie purrebrev.

Å setja opp ein vilkårstekst er i dette eksempelet ein prosess i to delar. Først lagar du ein variabel og deretter lagar du vilkåret.

For å laga ein vilkårsvariabel

Den første delen av dette eksempelet er å laga ein variabel for vilkårsteksten.

  1. Vel Set inn → Felt → Fleire felt og klikk på fana Variablar.

  2. Trykk på Vel variabel i lista Type.

  3. Skriv inn eit namn på variabelen i boksen Namn, for eksempel Purring.

  4. Trykk på «Tekst» i lista Format.

  5. Skriv inn 1 i feltet Verdi og trykk på Set inn.
    Formatlista viser nå eit «Standard»-format .

Slik lagar du vilkåret og vilkårsteksten

Den andre delen av dette eksempelet er å laga vilkåret som må oppfyllast og å setja inn ein plasshaldar for å visa vilkårsteksten i dokumentet.

  1. Plasser skrivemerket på den staden i teksten der du vil setja inn vilkårsteksten.

  2. Vel Set inn → Felt → Fleire felt og klikk på fana Funksjonar.

  3. Trykk på «Vilkårstekst» i lista Type.

  4. Skriv Purring EQ «3» i boksen Vilkår. Dette betyr at vilkårsteksten vert vist når variabelen i feltet du laga i den første delen av dette eksempelet er lik tre.

    Hermeteikna tretalet står i, indikerer at variabelen du laga i den første delen av dette eksempelet er ein tekststreng.

  1. I skrivefeltet Og så skriv du inn teksten som skal visast når vilkåret er oppfylt. Det er nesten ingen grenser for kor lang denne teksten kan vera.

  2. Trykk på Ny, og deretter Lukk.

Slik visar du vilkårsteksten

I dette eksempelet vert vilkårsteksten vist når verdien på vilkårsvariabelen er lik 3.

  1. Plasser skrivemerket framføre feltet du laga i den første delen av dette eksempelet og trykk Rediger → Felt

  2. Erstatt talet i boksen Verdi med «3» og trykk på Lukk.

  3. Trykk på F9 dersom feltet ikkje automatisk vert oppdatert.

Støtt oss!