LibreOffice 25.2 Hjelp
I tekstdokument kan du leggja sekvensielt nummererte bilettekstar til i bilete, tabellar, rammer og teikneobjekt.
Du kan redigera teksten og nummereringa for ulike typar bilettekstar.
Når du legg ein tekst til eit bilete eller eit objekt, vert objektet og teksten plasserte saman i ei ny ramme. Når du legg ein tekst til ein tabell, vert denne teksten sett inn som eit avsnitt ved sida av tabellen. Når du legg ein bilettekst til ei ramme, vert denne teksten lagt til teksten inni ramma, anten før eller etter teksten som ligg der frå før.
For å flytta både objektet og biletteksten, dra ramma som inneheld desse elementa. For å oppdatera biletteksten etter at du har flytta ramma, trykk F9.
Slik lagar du ein bilettekst:
Vel elementet du vil gje ei forklaring.
Vel Set inn → Bilettekst.
Vel innstillingane du vil bruka og trykk Figur.
. Du kan også skriva inn ein eigen tekst i , for eksempelDu kan redigera biletteksten direkte i dokumentet.
Ein bilettekst vert formatert med den avsnittsstilen som høyrer til den typen som er vald i «Kategoriboksen». For eksempel vert avsnittsstilen «Tabell» brukt på biletteksten viss du set inn ein bilettekst av typen «Tabell».
LibreOffice kan leggja til ein bilettekst automatisk når du set inn eit objekt, eit bilete, ei ramme eller ein tabell. Vel LibreOffice → InnstillingaVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Automatisk bilettekst.