Visa resultatet av ei tabellutrekning i ein annan tabell

Du kan gjera ei utrekning med celler i éin tabell og visa resultatet i ein annan.

  1. Opna eit tekstdokument, set inn ein tabell med fleire kolonnar og rader, og set deretter inn ein tabell til, med berre éi celle.

  2. Skriv inn tal i nokre av cellene i den store tabellen.

  3. Plasser skrivemerket i tabellen som berre har éi celle, og trykk så F2.

  4. Skriv inn funksjonen du vil utføra på verktøylinja Formel, f.eks., =SUM.

  5. Trykk på ei celle i den store tabellen som inneheld eit tal, trykk på plussteiknet (+), og deretter i ei anna celle som inneheld eit tal.

  6. Trykk på Enter.

Merknadsikon

Dersom du vil, kan du formatera teksten så han oppfører seg som vanleg tekst. Set inn tabellen i ei ramme og forankra ramma som eit teikn. Ramma vert verande forankra til den tilliggjande teksten når du set inn eller slettar tekst.


Støtt oss!