LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan bruka førehandslaga funksjonar i ein formel og setja inn resultatet av utrekninga i eit tekstdokument.
For eksempel kan du gjera dette for å rekna ut gjennomsnittet av tre tal:
Trykk på den staden i dokumentet der du vil setja inn formelen, og deretter F2.
Trykk på ikonet
og vel »Gjennomsnitt» frå lista «Statistiske funksjonar».Skriv inn dei tre tala, skilde med loddrette strekar (|).
Trykk Enter. Resultatet vert sett inn som eit felt i dokumentet.
Dobbeltklikk på feltet i dokumentet for å redigera formelen.