Rekna ut summen av ein serie med celler i ein tabell

  1. Vel Tabell → Set inn tabell og set inn ein tabell med éin kolonne og meir enn ei rad i eit tekstdokument.

  2. Skriv inn eit tal i kvar celle i kolonnen, men lat den siste cella i kolonnen vera tom.

  3. Set skrivemerket i den siste cella i kolonnen og trykk på symbolet SumTabellinja.
    Formellinja viser då teksten «=sum».

  4. Trykk i den første cella i serien du vil summera, dra til den siste cella, og slepp.
    LibreOffice set inn ein formel for å rekna ut summen av verdiane i den gjeldande kolonnen.

  5. Trykk på Enter eller Bruk på formellinja.
    Summen av verdiane i den gjeldande kolonnen vert då lagt inn i cella.

Dersom du skriv inn eit nytt tal i nokre av dei andre cellene i kolonnen, vert summen oppdatert når du trykkjer på den siste cella att.

På same vis kan du også snøgt rekna ut summen av ei rad med tal.

Støtt oss!