Rekna ut og lima inn resultatet av ein formel i eit tekstdokument

Viss teksten inneheld ein formel frå før, for eksempel «12+24*2», kan LibreOffice rekna ut og deretter lima inn resultatet av formelen i dokumentet utan å bruka Formellinja.

  1. Merk formelen i teksten. Formelen kan berre innehalda tal og operatorar, og kan ikkje innehalda mellomrom.

  2. Vel Verktøy → Rekn ut, eller trykk + Plussteiknet (+).

  3. Plasser skrivemerket der du vil setja inn resultatet av formelen, og vel deretter Rediger → Lim inn eller trykk + V.
    Den valde formelen vert erstatta av resultatet.

Støtt oss!