Rekning i tekstdokument

Du kan setja eit reknestykke direkte inn i eit tekstdokument eller ein teksttabell.

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil setja inn reknestykket, og deretter F2. Dersom du er i ei tabellcelle, tast eit er lik-teikn (=).

  2. Skriv inn reknestykket du vil setja inn, for eksempel «=10000/12», og trykk på Enter.

Du kan også trykkja på knappen FormelFormellinja og deretter velja ein funksjon for formelen.

note

For å referera til celler i ein teksttabell i Writer, skriv cellenamnet eller celleområdet i vinkelparentesar. Skriv for eksempel =<A1> for å referera til cella A1 frå ei anna celle.


Celleoppføringar som byrjar med likskapsteikn (=)

Skal du laga ei oppføring som byrjar med = i ei celle, skriv du først inn eit mellomrom og deretter =. Til slutt slettar du mellomrommet.

Støtt oss!