Laga kantlinjer på objekt

Åtvaringsikon

I Writer kan du laga kantstilar for sidestilar, ikkje for individuelle sider. Alle endringar som er gjort på sidestilar vert brukte av alle sidene som bruker den same sidestilen. Merk at endringar i sidestilar ikkje kan angrast med «Angra» i LibreOffice.


For å setja inn ein førehandsdefinert kantstil

  1. Vel Format → Side → Kantlinjer.

  2. Vel ei av standardkantlinjene i området Standard.

  3. Vel ein linjestil, breidd og farge for den valde kantstilen i området Linje. Desse innstillingane vert brukte på alle kantlinjene som er med i den valde kantstilen.

  4. Vel avstanden mellom kantlinjene og innhaldet i avsnittet i Avstand til innhaldet. Du kan berre endra avstanden til kantar som har ei kantlinje.

  5. Klikk på OK for å bruka endringane.

Slik lagar du ein brukardefinert kantstil

  1. Vel Format → Side → Kantlinjer.

  2. I området Brukardefinert vel du kanten/kantane som skal brukast i vanleg vising. Klikk på ein kant i førehandsvisinga for å slå kantvalet av eller på.

  3. Vel ein linjestil, breidd og farge for den valde kantstilen i området Linje. Desse innstillingane gjeld for alle kantlinjene som er med i den valde kantstilen.

  4. Gjenta dei to siste punkta for kvar kantlinje.

  5. Vel avstanden mellom kantlinjene og innhaldet i avsnittet i Avstand til innhaldet. Du kan berre endra avstanden til kantar som har ei kantlinje.

  6. Trykk på OK for å bruka endringane.

Støtt oss!