Definera kantlinjer rundt teikn

Åtvaringsikon

Dersom kanteigenskapane for to tilstøytande tekstområde er like, dvs. same stil, breidd, farge avstand og skugge, vert desse to områda sett på som delar av den same kantgruppa og vert difor viste med same kant i dokumentet.


Slik set du inn ein førehandsvald kantstil

  1. Marker tekstområdet som du vil leggja ein kant rundt.

  2. Vel Format → Teikn → Kantlinjer.

  3. Vel ein av dei standard kantstilane i området Standard.

  4. Vel ein linjestil, breidd og farge for den valde kantstilen i området Linje. Desse vala vert brukte av alle kantlinjene som brukar den valde kantstilen.

  5. Vel avstanden mellom kantlinjene og innhaldet i avsnittet i Avstand til innhaldet. Du kan berre endra avstanden til kantar som har ei kantlinje.

  6. Klikk på OK for å bruka endringane.

For å setja ein tilpassa kantstil

  1. Marker teiknområdet som du vil leggja ei ramme rundt.

  2. Vel Format → Teikn → Kantlinjer.

  3. I området Brukardefinert kan du velja kanten eller kantane som skal brukast i ein vanleg stil. Du kan slå ein kant av eller på ved å klikka på han i førehandsvisinga.

  4. Vel ein linjestil, breidd og farge for den valde kantstilen i området Linje. Desse innstillingane vert brukte av alle kantlinjene som brukar den valde kantstilen.

  5. Gjenta dei to siste punkta for kvar kantlinje.

  6. Vel avstanden mellom kantlinjene og innhaldet i avsnittet i Avstand til innhaldet. Du kan berre endra avstanden til kantar som har ei kantlinje.

  7. Klikk på OK for å bruka endringane.

Støtt oss!