Angje bakgrunnsfargar eller bakgrunnsbilete

Du kan velja ein bakgrunnsfarge eller bruka bilete som bakgrunn på ulike objekt i LibreOffice Writer.

For å bruka ein bakgrunnsfarge på tekstteikn

  1. Merk teikna.

  2. Vel Format → Teikn.

  3. Trykk på fana Bakgrunn og vel bakgrunnsfargen.

For å bruka ein bakgrunn på eit avsnitt

  1. Plasser skrivemerket i avsnittet eller merk fleire avsnitt.

  2. Vel Format → Avsnitt.

  3. Trykk på fana Bakgrunn og vel ein bakgrunnsfarge eller eit bakgrunnsbilete.

tip

For å velja eit objekt som skal liggja i bakgrunnen, hald nede tasten og klikk på objektet. Du kan også bruka menyvalet «dokumentstruktur» for å velja objekt.


For å leggja til ein bakgrunn på heile eller delar av ein teksttabell

  1. Plasser skrivemerket i tabellen i tekstdokumentet.

  2. Vel Tabell → Eigenskapar.

  3. Trykk på fana Bakgrunn og vel ein bakgrunnsfarge eller eit bakgrunnsbilete.

  4. I boksen For vel du om fargen eller biletet skal brukast på den gjeldande cella, den gjeldande rada eller på heile tabellen. Dersom du markerar fleire celler eller rader før du opnar dette dialogvindauget, vert endringa brukt på det markerte området.

tip

Du kan også bruka ein knapp for å leggja til ein bakgrunn til delar av ein tabell.


tip

Du kan leggja bakgrunnsfarge til ei celle ved å bruka knappen Bakgrunnsfarge for tabellceller på verktøylinja Tabell.


tip

Du kan bruka bakgrunnsfarge i eit tekstavsnitt i ei celle ved å setja markøren over tekstavsnittet og så bruka nedtrekksknappen Bakgrunnsfarge på verktøylinja Formatering.


Støtt oss!