Bruka autotekst

I LibreOffice Writer kan du lagra tekst – som også kan innehalda bilete, tabellar, og felt – som autotekst, slik at du snøgt kan setja inn denne teksten seinare. Du kan også lagra formatert tekst dersom du ønskjer det.

Slik lagar du ei autotekstoppføring

  1. Vel tekst, tekst med bilete, tabell eller felt du vil lagra som ei autotekst-oppføring. Eit bilete kan berre lagrast dersom det er forankra som eit teikn og har minst éitt teikn før og etter seg.

  2. Vel Verktøy → Autotekst.

  3. Vel kva kategori du vil lagra autoteksten i.

  4. Skriv inn eit namn med meir enn fire teikn. Dette tillet deg å bruka autotekstvalet Vis resten av namnet som eit forslag når du skriv. Viss du vil, kan du endra den føreslåtte snarvegen.

  5. Trykk på knappen Autotekst, og vel deretter Ny.

  6. Trykk på fana Stilar.

Slik set du inn ei autotekstoppføring

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil setja inn ei autotekstoppføring.

  2. Vel Verktøy → Autotekst

  3. Merk autoteksten du vil setja inn og trykk deretter på Set inn.

Du kan også skriva inn snarvegen til ei autotekstoppføring og deretter trykkja F3 eller på pila ved sida av symbolet Autotekst på verktøylinja Set inn og velja ei autotekstoppføring.

Tipsikon

For å raskt skriva inn ein formel i LibreOffice Math, skriv Fn og trykk på F3. Viss du set inn meir enn éin formel, vert formlane nummererte fortløpande. For å setja inn ein eksempeltekst, skriv du dt og trykkjer på F3.


Skriva ut ei liste over autotekstoppføringar

  1. Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → LibreOffice Basic.

  2. I trekontrollen Makro frå vel du Programmakroar → Gimmicks → Autotekst.

  3. Vel «Main» i lista Eksisterande makroar i: AutoText og klikk på Køyr. Ei liste over gjeldande autotekstoppføringar vert nå generert i eit separat tekstdokument.

  4. Vel Fil → Skriv ut.

Bruka autotekst i nettverksinstallasjonar

Du kan lagra autotekstoppføringar i ulike mapper på eit nettverk.

For eksempel kan du lagra «skriveverna» autotekstoppføringar for føretaket ditt på ein sentral tenar og sjølvlaga autotekstoppføringar i ei lokal mappe.

Stiane til autotekstmappene kan endrast i oppsettet.

To mapper er lista opp her. Den første oppføringa er på tenarinstallasjonen, og den andre oppføringa er i brukarmappa. Dersom mappene har ei autotekstoppføring med same namn, vert oppføringa frå brukarmappa brukt.

Støtt oss!