Slå av autoretting

Som standard rettar LibreOffice automatisk mange vanlege skrivefeil og endrar formatering medan du skriv.

Slik fjernar du eit ord frå autorettingslista

  1. Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting.

  2. Trykk på fana Stilar.

  3. Vel ordparet du vil fjerna i autorettingslista.

  4. Trykk på Slett.

For å stoppa utskiftinga av sitatteikn:

  1. Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting.

  2. Trykk på fana Stilar.

  3. Avmarker avkryssingsboksen (-boksane) «Byt ut».

For å stoppa bruk av stor bokstav først i setning

  1. Vel Verktøy → Innstillingar for autoretting.

  2. Trykk på fana Stilar.

  3. Avmarker avkryssingsboksen «Stor bokstav først i alle setningar».

For ikkje å gjera om til ei linje når du skriv tre like teikn

LibreOffice teiknar automatisk ei linje når du skriv éitt av desse teikna tre gongar og trykkjer på Enter: - _ = * ~ #

  1. Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting.

  2. Trykk på fana Stilar.

  3. Avmarker avkryssingsboksen «Bruk kantlinjer».

Bruka autotekst

Teikna linjer i tekst

Slå av eller på talgjenkjenning i tabellar

Støtt oss!