LibreOffice 7.5 Hjelp
LibreOffice kan laga nummererte lister og punktlister automatisk medan du skriv.
Vel
, trykk på fana og merk av for «Punktlister og nummererte lister».Vel Verktøy → Autoretting og sjå etter at Ved skriving er vald.
Valet om automatisk nummerering gjeld berre for avsnitt som er formaterte med avsnittsstilane «Standard», «Brødtekst» eller «Innrykka brødtekst».
Skriv 1., i., eller I. for å byrja ei nummerert liste. Skriv * eller – for å byrja ei punktliste. Du kan også skriva ein sluttparentes etter talet i staden for eit punktum, for eksempel 1) eller i).
Lag eit mellomrom, skriv inn teksten og trykk deretter på Enter. Det neste talet eller punktet kjem då opp automatisk i det nye avsnittet.
Trykk på Enter éin gong til for å avslutta lista.
Du kan starta ei nummerliste med kva tal som helst.