Organisera kapittel med «Dokumentstruktur»

Du kan flytta overskrifter og underordna tekst oppover og nedover i eit dokument ved å bruka verktøyet «Dokumentstruktur». Du kan også endra nivå på overskriftene. For å bruka dette verktøyet, formater overskriftene i dokumentet med ei av dei førehandsinnstilte avsnittsoverskriftene. For å bruka ein sjølvvald avsnittsstil på ei overskrift, vel Verktøy → Kapittelnummerering, vel stilen i boksen Avsnittsstil og dobbeltklikk på eit tal i nivålista.

tip

For å flytta skrivemerket til ei overskrift i dokumentet, dobbeltklikk på overskrifta i Dokumentstrukturen.


For å festa dokumentstruktur-vindauget, dra tittellinja på det til enden av arbeidsområdet. Dobbeltklikk på ramma medan du held nede tasten for å losna dokumentstruktur-vindauget att.

Flytta ei overskrift opp og ned i dokumentet

warning

Sjå til at alle overskriftsnivå er viste i Dokumentstrukturen. Som standard er alle nivå viste. Sjå stega under for å endra på kva overskriftsnivå som skal visast.


  1. På verktøylinja Standard, klikk på knappen Datastruktur Ikon for å opna Datastruktur.

  2. I Datastruktur, klikk på ikonet InnhaldsvisingIkon.

  3. Gjer éin av desse:

  1. Dra ei overskrift til ei ny plassering i Dokumentstrukturen.

  2. Trykk på ei overskrift i lista over dokumentstruktur og deretter på Flytt kapittel oppIkon flytt opp eller Flytt kapittel ned Ikon flytt ned

note

For å flytta berre overskrifta og ikkje teksten som ligg under ho, hald nede tasten medan du flyttar overskrifta ved å dra eller ved å trykkja på knappen Flytt kapittel opp eller Flytt kapittel ned.


Flytta nivået på ei overskrift opp og ned

  1. Vel overskrifta i dokumentstrukturen.

  2. Klikk på Flytt nivå oppIkon flytt nivå oppellerFlytt nivå nedIkon flytt ned

Endra talet på overskriftsnivå som vert viste

Klikk på knappen Vis overskriftsnivåIkon og vel eit nummer frå lista.

Støtt oss!