Plassera objekt

Eit objekt, for eksempel eit bilete, vert plassert i eit dokument ved hjelp av anker som er knytt til andre element.

Eit anker bestemmer referansepunktet for eit objekt. Referansepunktet kan vera sida eller ramma der objektet er, eit avsnitt eller til og med eit teikn. Eit bilete har alltid eit anker og difor alltid eit referansepunkt.

Eit anker flyttar seg med elementet det er festa til medan dokumentet vert redigert. Eit objekt beheld posisjonen sin i forhold til referansepunktet bestemt av anker til punktet, slik at når referansepunktet vert flytt eller endra, vert objektet flytt i forhold til det.

Desse forankringsinnstillingane er tilgjengelege:

Forankring

Effekt

Som teikn

Forankrar det valde objektet som eit teikn i den gjeldande teksten. Dersom høgda på det valde elementet er større enn gjeldande skriftstorleik, vert høgda på linja som inneheld elementet auka.

For å midtstilla eit bilete på ei nettside, set inn biletet, forankra det «som teikn», og midtstill deretter avsnittet.

Til teikn

Forankrar det valde objektet til avsnittet som inneheld teiknet som ankeret er festa til. Referansepunktet for objektet er byrjinga på avsnittet som inneheld teiknet.

Viss du for eksempel deler avsnittet ved eit punkt før ankeret, vert referansepunktet flytt til starten av det nye avsnittet og objektet vert flytt i forhold til det punktet. Viss du koplar avsnittet saman med det framføre, vert referansepunktet flytt til byrjinga av det kombinerte avsnittet og objektet vert flytt til ei plassering i høve til det.

Til avsnitt

Forankrar det merkte objektet til det gjeldande avsnittet.

Til side

Forankrar det merkte objektet til den gjeldande sida.

Til ramme

Forankrar det valde elementet til den omsluttande ramma.


Når du set inn eit objekt, eit bilete eller ei ramme, vert det viste eit ankerikon der objektet er forankra. Du kan flytta eit anker eller, med tanke på andre objektavgrensnigar, plassera eit objekt i forhold til referansepunkta for ankeret ved å dra objektet. For å endra forankringsinnstillingane for eit element, høgreklikk på elementet og vel deretter ei innstilling frå sprettoppmenyen Anker.

Støtt oss!