Set inn felt

Trykk for å opna dialogvindauget Felt. Trykk på pila ved sida av ikonet, og vel det rette feltet frå undermenyen.

Du kan velja desse funksjonane:

Dato

Set inn datoen i dag som eit felt. Standardformatet for datoar vert brukt, og datoen vert ikkje oppdatert automatisk.

Klokkeslett

Set inn gjeldande klokkeslett som eit felt. Klokkeslettet vert teke rett frå systeminnstillingane i operativsystemet. Det vert brukt eit fast tidsformat som ikkje kan endrast med funksjonstasten F9.

Sidetal

Set inn det gjeldande sidetalet som eit felt der markøren er.Standard formatering er å bruka teiknstilen Sidenummer.

Tal på sider

Set inn eit felt med talet på sider i dokumentet.

Emne

Set inn eit felt med emnet for dokumentet, henta frå dokumenteigenskapane. Dette feltet viser informasjonen som er skriven i Emnefeltet under Fil → Eigenskapar → Skildring.

Tittel

Set inn eit felt med tittelen på dokumentet, henta frå dokumenteigenskapane. Dette feltet viser informasjonen som er skriven i Tittelfeltet under Fil → Eigenskapar → Skildring.

Første forfattar (felt)

Set inn eit felt med namnet på personen som oppretta dokumentet. Dette feltet viser informasjonen som står under LibreOffice → Brukarinformasjon.

Andre

Set inn eit felt ved skrivemerket. Dialogvindauget inneheld ei liste over alle tilgjengelege felt.

Støtt oss!