Set inn ein tabell i dokumentet. Du kan òg trykkja på pila, dra med musa for å velja talet på rader og kolonnar i tabellen og så trykkja i den siste cella.
Set inn ein tekstbolk ved skrivemerket i dokumentet. Du kan også merkja ei tekstblokk og velja denne kommandoen for å laga ein bolk. Du kan nytta bolkar til å setja inn tekstblokker frå andre dokument, eller leggja til sjølvdefinerte spalteoppsett. Det er også mogleg å verna eller gøyma tekstblokker om eit vilkår er fylt.
Set inn eit bokmerke ved markørposisjonen. Du kan seinare bruka dokumentstrukturen for å raskt hoppa til den merkte staden. I eit HTML-dokument vert bokmerke konverterte til anker som du kan gå til frå ei hyperlenkje.