LibreOffice 24.8 Hjelp
Slår av eller på «Modus for direkte skrivemerke». Du kan klikka på byrjinga, midten eller slutten av kva mogleg tekstlinje som helst på ei side og deretter byrja å skriva.
Du kan spesifisera oppførselen til den direkte markøren ved å velja LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar - LibreOffice Writer → Formateringsstøtte.
Direkte skrivemerke lèt deg trykkja på eit tomt område i eit dokument, slik at du med ein gong kan plassera tekst, bilete, rammer og andre objekt der.
Dersom du plasserer det direkte skrivemerket om lag midt mellom den venstre og høgre margen på ei side eller tabellcelle, vil teksten du skriv verta midtstilt. På same måten vert teksten høgrejustert dersom det direkte skrivemerket vert plassert ved den høgre margen.
Verktøyet autoretting fjernar automatisk tomme avsnitt, tabulatorar og mellomrom som vert sette inn av direkte skrivemerke. Dersom du vil bruka direkte skrivemerke, må du slå av autoretting.
Direkte skrivemerke lagar tabulatorar for å plassera skrivemerket. Dersom tabulatorane vert endra seinare, kan det henda plasseringa av teksten på sida vert endra også.