Set inn gjeldande klokkeslett som eit felt. Klokkeslettet vert teke rett frå systeminnstillingane i operativsystemet. Det vert brukt eit fast tidsformat som ikkje kan endrast med funksjonstasten F9.
Set inn eit felt med emnet for dokumentet, henta frå dokumenteigenskapane. Dette feltet viser informasjonen som er skriven i Emnefeltet under Fil → Eigenskapar → Skildring.
Set inn eit felt med tittelen på dokumentet, henta frå dokumenteigenskapane. Dette feltet viser informasjonen som er skriven i Tittelfeltet under Fil → Eigenskapar → Skildring.
Set inn namnet på personen som oppretta dokumentet her som eit felt. Feltet brukar oppføringa som er gjort i LibreOffice - InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice → Brukardata.