Set inn
Verktøylinja inneheld funksjonar for å setja inn rammer, bilete, tabellar og andre objekt.
Du kan velja desse funksjonane:
Set inn ein tabell i dokumentet. Du kan òg trykkja på pila, dra med musa for å velja talet på rader og kolonnar i tabellen og så trykkja i den siste cella.
Set inn ein tekstbolk ved skrivemerket i dokumentet. Du kan også merkja ei tekstblokk og velja denne kommandoen for å laga ein bolk. Du kan nytta bolkar til å setja inn tekstblokker frå andre dokument, eller leggja til eigendefinerte spalteoppsett. Det er også mogleg å verna eller gøyma tekstblokker om eit vilkår er fylt.
Teiknar ei ramme der du dreg med musa i dokumentet. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja kor mange spalter du vil ha med i ramma.
Set inn ei flytande ramme i det gjeldande dokumentet. Flytande rammer vert brukte i HTML-dokument for å visa innhaldet i ei anna fil.
Set inn ei fotnote eller ei sluttnote i dokumentet. Noteteiknet vert set inn ved skrivemerket. Du kan velja om du vil bruka automatisk nummerering eller eit sjølvvald symbol.
Fotnotar vert sette inn nedst på kvar side, medan sluttnotar vert sette inn nedst på den siste sida i dokumentet.
Set inn sluttnote direkte
Set inn ein merknad der skrivemerket er plassert.
Set inn eit bokmerke på markørposisjonen. Du kan seinare bruka dokumentstrukturen for å raskt hoppa til den merkte staden. I eit HTML-dokument vert bokmerke konverterte til anker som du kan gå til frå ei hyperkopling.
Set inn innhaldet av eit anna dokument i gjeldande dokument ved markøren.
Lag, rediger eller set inn autotekst. Du kan lagra formatert tekst, tekst med bilete, tabellar og felt som autotekst. Dersom du vil setja inn tekst effektivt, trykk snøggtasten for autotekst og så «F3».
Gjer at brukaren kan setja inn teikn frå eit område med symbol funne i dei installerte skrifttypane.
Set inn eit felt der skrivemerket er plassert.
Ikonet Kontrollelement opnar ei verktøylinje med dei verktøya du treng for å laga eit interaktivt skjema.
Kontrollelement for skjema
Opnar eit dialogvindauge for val av filer for å setja inn eit bilete i det gjeldande dokumentet
Set inn ei video- eller lydfil i dokumentet.
Set inn ein formel i dokumentet.Opna Hjelp for LibreOffice Math om du vil ha meir informasjon.
Set inn eit OLE-objekt i dokumentet. OLE-objektet vert sett inn som eit lenkja eller eit innebygd objekt.
Set inn eit register eller ei innhaldsliste der skrivemerket er plassert.
Marker den valde teksten som ei register- eller innhaldslisteoppføring.