Formel

Opnar ein undermeny som du kan bruka til å setja inn ein formel i ei tabellcelle. Plasser skrivemerket i ei tabellcelle eller på den staden i dokumentet der du vil at resultatet skal visast. Trykk på knappen Formel og vel den formelen du ønskjer frå undermenyen.

Formelen dukkar opp på inndatalinja. For å oppgje eit celleområde i ein tabell, merkar du dei ønskte cellene med musa. Dei tilsvarande cellereferansane vil då dukka opp på inndatalinja. Legg til andre parametrar dersom du ønskjer det, og trykk Bruk for å stadfesta det du har skrive. Du kan også skriva inn formelen direkte dersom du kjenner syntaksen. Dette vil vera nødvendig i for eksempel dialogvindauga Set inn felt og Rediger felt.

For å bruka denne funksjonen …

Gå til Tabell → Rediger formel.

I verktøylinja for tabellar, trykk på ikonet for Set inn eller rediger formel

I eit tekstdokument trykkjer du F2.

Foirmelikonet på verktøylinja for tabell

Formel


Samandrag av formelinnstillingar

Grunnleggjande reknefunksjonar

Operasjon

Namn

Eksempel

Addisjon

+

Reknar ut summen.

Eksempel: <A1> + 8

Subtraksjon

-

Reknar ut skilnaden.

Eksempel: 10 - <B5>

Multiplikasjon

MUL eller *

Reknar ut produktet.

Eksempel: 7 MUL 9 viser 63

Divisjon

DIV eller /

Reknar ut kvotienten.

Eksempel: 100 DIV 15 viser 6,67


Grunnleggjande funksjonar i undermenyen

Funksjon

Namn

Eksempel

Sum

SUM

Reknar ut summen av dei merkte cellene.

Eksempel: SUM <A2:C2> viser summen av verdiane i cellene A2 til C2

Avrund

ROUND

Avrundar tal til dei valde desimalplassane.

Eksempel: 15, 678 ROUND 2 viser 15,68

Prosent

PHD

Reknar ut ein prosent.

Eksempel: 10 + 15 PHD viser 10,15

Kvadratrot

SQRT

Reknar ut ein kvadratrota.

Eksempel: SQRT 25 viser 5

Potens

POW

Reknar ut potensen av eit tal.

Eksempel: 2 POW 8 viser 256


Operatorar

Du kan setja inn ulike operatorar i formelen. Vel mellom desse funksjonane:

Operator

Namn

Eksempel

Listeskilje

|

Skil elementa i ei liste.

Eksempel på bruk av liste:

MIN 10|20|50|<C6>|<A2:B6>|20

Lik

EQ eller ==

Kontrollerer om dei valde verdiane er like. Er dei ulike vert resultatet null, elles 1 (sann).

Eksempel: <A1> EQ 2 viser 1 viss innhaldet i A1 er lik 2.

Ikkje lik

NEQ eller !=

Kontrollerer om dei valde verdiane er ulike.

Eksempel: <A1> NEQ 2 viser 0 (feil) viss innhaldet i A1 er lik 2.

Mindre enn eller lik

LEQ

Kontrollerer om verdiane er like ein oppgjeven verdi.

Eksempel: <A1> LEQ 2 viser 1 (sann) viss innhaldet i A1 er mindre enn eller likt 2.

Større enn eller lik

GEQ

Kontrollerer om verdiane er større enn eller like ein oppgjeven verdi.

Eksempel: <A1> GEQ 2 viser 1 (sann) viss innhaldet i A1 er større enn eller likt 2.

Mindre enn

L

Kontrollerer om verdiane er mindre enn ein oppgjeven verdi.

Eksempel: <A1> L 2 viser 1 (sann) viss innhaldet i A1 er mindre enn 2.

Større enn

G

Kontrollerer om verdiane er større enn ein oppgjeven verdi.

Eksempel: <A1> G 2 viser 1 (sann) viss innhaldet i A1 er større enn 2.

Boolsk ELLER

OR

Kontrollerer om verdiane passar logisk ELLER.

Eksempel: 0 OR 0 viser 0 (usann), kva som helst anna gjev 1 (sann)

Boolsk eksklusiv ELLER

XOR

Kontrollerer om verdiane samsvarar med logisk eksklusiv ELLER.

Eksempel: 1 XOR 0 viser 1 (sann)

Boolsk OG

AND

Kontrollerer om verdiane samsvarar med logisk OG.

Eksempel: 1 AND 2 viser 1 (sann)

Boolsk IKKJE

NOT

Kontrollerer om verdiane samsvarar med logisk IKKJE.

Eksempel: NOT 1 (sann) viser 0 (usann)


Statistiske funksjonar

Du kan velja mellom desse statistiske funksjonane:

Funksjon

Namn

Eksempel

Gjennomsnitt

MEAN

Reknar ut det aritmetiske gjennomsnittet av verdiane i eit område eller ei liste.

Eksempel: MEAN 10|30|20 viser 20

Minsteverdi

MIN

Reknar ut den minste verdien i eit område eller ei liste.

Eksempel: MIN 10|30|20 viser 10

Størsteverdi

MAX

Reknar ut den største verdien i eit område eller ei liste.

Eksempel: MAKS 10|30|20 viser 30

Produkt

PRODUCT

Reknar ut produktet av dei merkte cellene.

Eksempel: PRODUKT <A2:C2> viser produktet av verdiane i cellene A2 til C2

Tal på

COUNT

Tel kor mange celler som ikkje er tomme.

Eksempel: TAL.PÅ <A2:C2> viser kor mange celler som ikkje er tomme i området A2 til C2.


Funksjonar

Du kan velja mellom desse funksjonane:

Funksjon

Namn

Eksempel

Sinus

SIN

Reknar ut sinus i radianar.

Eksempel: SIN (PI/2) viser 1

Cosinus

COS

Reknar ut cosinus i radianar.

Eksempel: COS 1 viser 0,54

Tangens

TAN

Rekna ut tangenten i radianar.

Eksempel: TAN<A1>

Invers sinus

ASIN

Reknar ut invers sinus i radianar.

Eksempel: ASIN 1

Invers cosinus

ACOS

Reknar ut invers cosinus i radianar.

Eksempel: ACOS 1

Invers tangens

ATAN

Reknar ut invers tangens i radianar.

Eksempel: ATAN 1

Absoluttverdi

ABS

Returnerer den absolutte verdien av taklet.

Eksempel: ABS -34 returnerer 34

Forteikn

SIGN

Returnerer det algebraiske forteiknet for talet.

Eksempel: SIGN -23 returnerer -1


Variablar for dokumenteigenskapar

Dei følgjande eigenskapane finn du også under Fil → Eigenskapar → Statistikk.

Namn

Skildring

CHAR

Talet på teikn i dokumentet

WORD

Talet på ord i dokumentet

PARA

Talet på avsnitt i dokumentet

GRAPH

Talet på bilete i dokumentet

TABLES

Talet på tabellar i dokumentet

OLE

Talet på OLE-objekt i dokumentet

PAGE

Talet på sider i dokumentet


Fleire oppgjevne verdiar

Skildring

Namn

Verdi

PI

PI

3.1415...

Eulers konstant

E

2.71828...

Sann

TRUE

Ikkje lik 0

Usann

FALSE

0


Støtt oss!