LibreOffice 25.2 Hjelp
Set inn ein vassmerketekst i bakgrunnen for den gjeldande sidestilen.
Eit vassmerke er eit bilete eller mønster i papir for å identifisera papiret. Vassmerket er synleg som ulike grader av lysstyrke når det vert sett mot eit sterkt lys. Vassmerka vart opphavleg set inn når papiret vart laga for å verna mot falskneri av dokument, pengesetlar, frimerke osv.
Bruk vassmerke i LibreOffice Writer for å etterlikna vassmerke i papiret på dokumentsidene.
Fyll ut innstillingane i dialogvindauget nedanfor.
Dei innskrivne verdiane vert brukte i den gjeldande sidestilen.
Skriv inn vassmerketeksten som skal visast som bilete på sidebakgrunnen.
Vel skrifttype frå lista.
Du kan ikkje velja skriftstorleik eller skriftstil for vassmerketeksten. Teksten vert skalert slik at han passar inn på éi linje i sidebakgrunnen.
Vel roteringsvinkelen på vassmerket. Teksten vert rotert med denne vinkelen mot klokka.
Vel kor gjennomsiktig vassmerket skal vera. 0 % lagar eit opakt vassmerke, 100 % lagar eit fullstendig gjennomsiktig (usynleg) vassmerke.
Vel ein farge frå nedtrekkslista.
Dersom vassmerket som er i bruk er sett inn frå menykommandoen dokumentklassifikasjonsinnstillingane, kan du redigera innhaldet og innstillingane ved å opna dialogvindauget for vassmerke.
eller frå