Stilinspektor

Du finn stilinspektoren i sidepanelet. Han viser alle attributta til stilane (avsnitt og teikn) og alle direkte formateringer som finst i avsnittet og teiknet der markøren er plassert. Disse detaljane kan vera nyttige når du prøvar å finna ut kvifor nokre formateringer i eit dokument ser ut til å vera feil eller inkonsekvente.

Formatering direkte og med stilar

Ein stil er eit sett med formateringsattributt, gruppert og identifisert med eit namn (stilnamnet). Når du brukar ein stil på eit objekt, vert objektet formatert med attributta sette i stilen. Fleire objekt av same natur kan ha den same stilen. Når du endrar settet med formateringsattributt for malen, vert alle objekta som er knytt til stilen også endra tilsvarande. Bruk stilar til å formatera ei stor samling med avsnitt, celler og objekt einsarta og å administrera formateringa av dokument betre.

Når du ikkje brukar stilar og i staden brukar formateringsattributt direkte på delar av teksten, kallar vi dette «direkte formatering» (også kalla «manuell formatering»). Formateringa vert berre brukt på det merkte området i dokumentet. Viss dokumentet har fleire avsnitt, rammer eller andre objekt, brukar du direkte formatering på kvart objekt. Direkte formatering er tilgjengeleg på menyen «Format» og på verktøylinja for formatering.

Eit attributt for direkte formatering som vert brukt på eit objekt, overstyrer det tilsvarande attributtet for stilen som er brukt på objektet.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sidepanelet og trykk på ikonet for stilinspektoren

Ikon Stilinspektor

Ikonet for stilinspektoren i sidepanelet

Trykk på + Alt + 5


Stilinspektorpanelet

Eigenskapar

Avsnittsstilar: viser lista over avsnittsstilar som er brukte i teksten ved markørposisjonen, ut frå stilhierarkiet, der den overordna stilen kjem over alle underordna stilar.

Direkte avsnittsformatering: viser lista over avsnittseigenskapar som er brukte direkte på teksten der markøren er plassert.

Teiknstilar: viser lista over teiknstilar som er brukte i teksten ved markørposisjonen, ut frå stilhierarkiet, der den overordna stilen kjem over alle underordna stilar.

Direkte teiknformatering: viser lista over teikneigenskapar som er brukte direkte på teksten der markøren er plassert.

Verdiar

Vis verdiane til eigenskapane.

Bruk

Bruk stilinspektoren for å finna formateringsproblem i tekstdokumentet.

Viss for eksempel margane til avsnittet er endra ved direkte formatering ved hjelp av linjalane, vert margeigenskapen til avsnittsstilen nedtona og og margeigenskapane vert viste i oppføringa direkte formatering for avsnitt i stilinspektoren.

Eit anna eksempel, viss teiknstilen Utheving uthevar eit ord med gul bakgrunn og brukaren ved ein feil overskriv uthevinga ved å bruka ein kvit bakgrunn, vert attributtet gul nedtona og kvit vert oppført under direkte formatering i stilinspektoren. Stilinspektoren viser berre dei attributta som avvik frå den overordna (som til vanleg er standard avsnittsstil).

Nokre av funksjonane i stilinspektoren er stort sett interessante berre for avanserte brukarar:

Støtt oss!