LibreOffice 25.2 Hjelp
Bruk sidepanelet for merknadar til å visa, filtrera og sortera merknadar i eit dokument.
Set filterkriteria for merknadstråden.
Vel ein forfattar frå kombinasjonsboksen for å filtrera merknadane etter forfattar.
Bruk datovelgjaren for å sjå merknadar frå ein bestemt dato.
Merk av for dette feltet for å visa kva klokkeslett vart laga ved sida av datoen i merknadstråden.
Merk av for dette feltet for å visa dei merknadane frå merknadstråden som er løyste.
Merk av for dette feltet for å visa teksten i dokumentet som merknaden refererer til.
Vel rekkjefølgja som merknadane skal visast i merknadstråden.
Sorter merknadane i høve til plasseringa i dokumentet.
Sorter merknadane etter kva klokkeslett dei vart laga.
Merknadstrådpanelet viser ei liste over merknadar i det gjeldande dokumentet. Klikk utvidaren for å utvida og gøyma ein merknadstråd.
Viser teksten i dokumentet som kommentartråden refererer til.
Viser namnet på forfattaren av merknaden.
Viser datoen då merknaden vart skriven.
Viser klokkeslettet merknaden vart skrive. Fjern merket for Klokkeslett for å gøyma denne etiketten.
Trykk på Svar-ikonet over ein merknad for å svara på merknaden. Skriv inn ein merknad i det nye merknadsfeltet som kjem fram under den overordna merknaden.
Svar
Kryss av i avmerkingsboksen for å merkja den valde merknaden som løyst.
Merknadsfeltet viser innhaldet i kvar merknad.