LibreOffice 24.8 Hjelp
Set inn ein digital signatur ved slutten av avsnittet. Du må ha eit digitalt sertifikat for å signera eit avsnitt.
Vel fana
, vel i boksen , trykk .Vel fana
, vel i boksen , trykk .Vel fana
, vel i boksen , trykk .KommandoCtrl + F2 og vel i boksen , trykk .
Ein avsnittssignatur inneheld meta-data for brukaren og datoen signaturen vart oppretta. Det vert vist anten Gyldig eller Ugyldig ved slutten av signaturen. Til vanleg vert Gyldig vist. Viss avsnittet vert endra etter at signaturen vart lagt til, vil signaturen endra seg til Ugyldig.
Når du lagrar dokumentet, vert einkvar ugyldig signatur fjerna.
Ein avsnittssignatur vil indikera om eit bestemt avsnitt er endra eller ikkje etter at signaturen vart sett. Det kan leggjast til fleire avsnittssigaturar som alle er uavhengige av kvarandre.
Når du har funne fram til «avsnittssignatur» i dialogvindauget «Fleire felt», trykk «Set inn» for å opna dialogvindauget for «Vel sertifikat».
Ein avsnittssignatur vert alltis sett inn ved slutten av det gjeldande avsnittet. Viss markøren ikkje er i eit tekstavsnitt, vert dialogvindauget «Vel sertifikat» ikkje opna.
Dialogvindauget «Vel sertifikat» listar opp alle dei digitale sertifikata som er tilgjengelege for deg. Vel det ønskte sertifikatet og vel Signer for å setja inn avsnittssignaturen med det valde sertifikatet.
Du må ha eit digitalt sertifikat for å kunna bruka digitale signaturar.