Sett alternativa for automatisk orddeling for individuelle avsnitt.
For å bruka denne funksjonen …
Frå sidepanelet:
Vel Eigenskapar → Avsnitt → Orddeling
Orddeling
Sidepanelet «Avsnitt» gjev berre orddeling for individuelle avsnitt. Bruk dialogvindauget Tekstflyt for å få tilgang til innstillingane for orddeling for eit dokument eller ein stil eller dialogvindauget Orddeling for å dela ord individuelt.
Orddeling
Klikk på orddelingsikonet for å slå automatisk orddeling av og på. Når denne innstillinga er slått på, set LibreOffice Writer automatisk inn bindestrekar i avsnittet om nødvendig.
Orddeling
Fleire innstillingar for orddeling er tilgjengelege når orddeling er slått på. Bruk desse innstillingane for å justera kvar bindestrekar vert sette inn
Orddel STORE BOKSTAVAR
Del ord som er skrive heilt med store bokstavar, for eksempel initialar.
Orddel STORE BOKSTAVAR
Orddeling av siste ord i avsnitt
Bruk bindestrek det siste ordet i avsnitta. Slår du av denne funksjonen, unngår du nesten tomme linjer som inneheld berre eit halvt ord..
Orddeling av siste ord i avsnitt
Orddeling av siste heile linje i avsnitt
Fjern merket for denne avmerkingsboksen for å hindra orddeling i siste heile linja i eit avsnitt. Ordet med bindestrek vert flytt til neste linje viss det er nok plass til det. Som eit resultat vert den siste linja i avsnittet lengre, noko som reduserer mellomrommet mellom avsnitta.
Orddeling av siste heile linje i avsnitt
Orddeling på tvers av spalte
Fjern markeringa for dette ikonet for å hindra at ord vert delte over ei spalte, kopla ramme eller side. Linja med orddeling vert flytt til neste spalte, ramme eller side.
Orddeling ved spalteskift
Orddeling ved sideskift
Fjern markeringa for dette ikonet for å hindra at ord vert delt over eit sideskifte. Linja med orddelinga vert flytt til neste side.
Orddeling ved sideskift
Orddeling over sideopslag
Fjern markeringa for dette ikonet for å hindre at ord vert delte over eit oppslag. (Eit oppslag er to sider som er synlege for lesaren samtidig). Orddelinga vert flytt til neste oppslag.
Orddeling over sideoppslag
Ved linjeslutt
Vel det minste talet på teikn som skal vera på slutten av linja før ein bindestrek vert sett inn.
Ved linjestart
Vel det minste talet på teikn som må vera på linja etter bindestreken.
Påfølgjande linjer
Skriv inn det høgaste talet på linjer etter kvarandre som kan delast med bindestrek.
Samansett komponent
Set 3 (eller fleire) teikn for å forbetra orddelinga på dansk, nederlandsk, tysk, ungarsk, norsk og svensk ved å føretrekkja orddelinga mellom delar av eit samansett ord i staden for å bryta den andre (tredje osv.) delen rett etter dei to første teikna.
Ordlengd
Skriv inn kor mange teikn det minst må vera i eit ord før det kan setjast inn bindestrek.
Orddelingssone
Viss du vil redusera orddelinga, set du inn lengda på orddelingssona. I stadet for den moglege orddelinga, vert linja brote mellom ord viss det vassrette mellomrommet som er igjen ikkje er større enn orddelingssona. Bruk av orddelingssone gjev større mellomrom mellom ord i blokkjustert tekst, og større avstand frå avsnittsmargane i tekst som ikkje er blokkjustert.