Bruk dekkpanelet for sida for å definera attributt for den gjeldande sidestilen.
For å bruka denne funksjonen …
Frå tastaturet:
Alt + F5
Frå sidepanelet:
Side
Klikk på ei paneloverskrift (for eksempel «Format») for å utvida eller gøyma panelet.
Ikonet ☰ ved sida av paneloverskrifta opnar dialogvindauget Sidestil.
Sidepanelet for «Side» gjev rask tilgang til grunnleggjande innstillingar for den gjeldande sidestilen. Bruk dialogvindauget Sidestil for å få tilgang til avanserte sidestilinnstillingar.
Format
Storleik
Vel ein førehandsdefinert papirstorleik eller lag eit tilpassa format ved å gje dimensjonane for papiret i felta Høgd og Breidd.
Lysbileteformata «Skjermvising (4 : 3)», «Skjermvising (16 : 9)» og «Skjermvising (16 : 10)» vert brukte for å vera kompatibel med Microsoft PowerPoint.
Breidd
Viser breidda til det valde papirformatet. Skriv inn ein verdi her om du vil velja eit eige papirformat.
Høgd
Viser høgda på det valde papirformatet. Skriv inn ein verdi her om du vil velja eit eige papirformat.
Papirretning
Vel papirretning for vising og utskrift.
Ståande
Viser og skriv ut dokumentet med ståande papirretning.
Liggjande
Viser og skriv ut dokumentet med liggjande papirretning.
Margar
Vel kor langt det skal vera mellom kantane på sida og dokumentteksten.
Stilar
LysbileteSidetal
Vel det formatet for biletnummerering du ønskjer å bruka for den gjeldande lysbiletstilen.
Vel formatet for sidetal som du vil bruka i den gjeldande sidestilen.
Bakgrunn
Vel ein bakgrunnsstil for den gjeldande sidestilen.
Legg til topptekst i sidestilen. Toppteksten er eit område i øvste sidemarg der du kan leggja til tekst eller bilete.
Merk av i boksen ved siden av nedtrekksmenyen Margar for å slå på overskriftene til den gjeldande sidestienl.
Striper
Vel dei førehandsinnstilte margane for overskrifta.
Avstand
Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom nedre kant av toppteksten og øvre kant av teksten i dokumentet.
Same innhald
Vel kva for sider med den gjeldande sidestilen i dokumentet eller bolken som skal visa det same overskriftsinnhaldet.
Alle sider
Vis det same overskriftsinnhaldet på alle sidene i dokumentet eller bolken.
Første side
Vis overskriftsinnhaldet berre på den første sida i dokumentet eller bolken.
Venstre- og høgresider
Bruk den same toppteksten på partals- og oddetalssider. For å leggja inn ulik topptekst på partals- og oddetalssider, fjern avmerkinga her og vel Rediger.
Første-, venstre- og høgresider
Førstesida og par-/oddetalssider deler det same innhaldet.
Legg til ein botntekst til sidestilen. Botnteksten er eit område i nedste sidemarg der du kan leggja inn tekst eller bilete.
Merk av i boksen ved sida av nedtrekksmenyen Margar for å slå på botntekst.
Margar
Vel ein førehandsinnstilt marg for botnteksten
Avstand
Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom nedre kant av teksten i dokumentet og øvre kant av botnteksten.
Same innhald
Vel kva sider i dokumentet eller bolken som skal ha det same innhaldet i botnteksten.
Alle sider
Vis den same botnteksten på kvar side i dokumentet eller utvalet.
Første side
Vis botnteksten berre på første side i dokumentet eller utvalet.
Venstre- og høgresider
Partals- og oddetalssider deler det same innhaldet. For å bruka ulike botntekstar på partals- og oddetalssider, fjern dette alternativet og trykk deretter Rediger.
Første side, venstre- og høgresider
Førstesida og like/ulike sider deler det same innhaldet.