LibreOffice 25.2 Hjelp
Gøym og vis alt innhaldet i overskrifter, altså også tekst, bilete, tabellar, rammer, former og tekstboksar.
Vel og merk avkryssingsfeltet Vis knappen «Synleggjer _disposisjonsinnhaldet».
Opna vindauget for dokumentstruktur (F5) og vis elementet Overskrifter. Hald musepeikaren over ei overskrift og høgreklikk for å opna sprettoppmenyen. Vel menyen .
Bruk denne funksjonen for å velja å gøyma eller visa innhaldet under alle avsnitta som har eit disposisjonsnivå høgare enn null, som oftast overskrifter. I store dokument kan du såleis rask rulla til den staden du vil redigera eller lesa.
Alle kommandoane til disposisjonsfalding vert viste i sprettoppmenyen for Overskrift. Opna sprettoppmenyen for ei overskrift (høgreklikk) og vel .
Overskriftsikon
Gøymer alt innhaldet for den valde overskrifta og underoverskriftene for denne. Likestilte disposisjonsoverskrifter med same nivå vert ikkje gøymde. Viss denne vert brukt på hovudoverskrifter i dokumentvindauget, vert berre dokumentoverskriftene viste.
Innhaldet i overskrifter og underoverskriftene deira vert vist i dokumentområdet. Viss det vert brukt på hovudoverskrifter i dokumentstrukturen, vert heile dokumentet vist.
Slår disposisjonsfaldinga for det valde elementet av og på.
Trykk på KommandoCtrl-tasten og sett musepeikaren over ei overskrift. Ei pil i den venstre margen gjev eit synleg stikkord.
Når biletet på musepeikaren skifter til ei hand, er desse vala moglege:
Klikk for å slå av og på falding av innhald frå merkt overskrift til neste overskrift.
Høgreklikk for å gøyma eller visa innhaldet i overskriftene frå den merkte overskrifta, og underoverskriftene, til den neste overskrifta i det same disposisjonsnivået.
Set musemarkøren i den venstre margen like ved ei overskrift. Det kjem fram piler viss innhaldet er synleg.
Ei nedoverpil viser at overskrifta og innhaldet i ho er synleg.
Ei venstrepil indikerer at overskrifta har gøymd innhald.
Dokument som vert lagra i Open Document Format (.odt) vil behalda dei gjeldande innstillingane for gøymd og vist innhald då dei vart lagra.
Innhaldet i dokumentet vert ikkje påverka av innstillingane for faldingar.
For å skriva ut eller eksportera heile dokumentet, set du på førehand disposisjonsfaldinga til Fall ut alle.
Falda disposisjonsindhald vert ikkje skrive ut eller eksportert til PDF.