Høgreklikk på eit objekt i Navigator Objekt-lista for å få tilgang til fleire alternativ.
For å bruka denne funksjonen …
Frå menylinja:
Vel Vis → Dokumentstruktur.
Frå brukargrensesnittet med faner:
Vel Heim → Dokumentstruktur.
Vel Vis → Dokumentstruktur.
Frå verktøylinjer:
Vis/gøym dokumentstruktur
Frå tastaturet:
F5
AlternativAlt + 4 for å opna i sidepanelet.
Frå sidepanelet:
Navigator
Gå til
Går til det valde objektet i dokumentet.
Vel
Vel objektet i dokumentet. Ved å velja ei overskrift, vert også innhaldet som føljer like etter overskrifta fram til neste overskrift med same disposisjonsnivå.
Gjev nytt namn til objektet som er vald i navigatoren.
Sorter alfabetisk
Sorterer alle oppføringar i den valde kategorien alfabetisk. Fjern merket for dette alternativet for å sortera oppføringar i samsvar med rekkjefølgja dei vert viste i dokumentet.
Vis
Viser namna på alle opne dokument. For å byta til eit anna ope dokument i dokumentstruktur, klikk på dokumentnamnet. Statusen (aktiv, inaktiv) til dokumentet vert vist i parentes etter namnet.
Utvid eller gøym alle kategoriar
Viser eller gøymer visinga av objekt under den valde kategorien. Namn på dokumentobjekt vert viste under kategorioppføringen. Klikk på ei oppføring for å gå til objektet i dokumentet.
Overskrifter
Utvid alle
Utvider eller gøymer listeoverskriftene.
Kopier
Kopierer overskrifta og innhaldet som føljer overskrifta til neste overskrift med same disposisjonsnivå. Dette innhaldet tek også med avsnitt med disposisjonsnivå «Ingen» og overskrifter med disposisjonsnivå som er større enn den kopierte overskrifta. Du kan lima inn innhaldet ein annan stad i dokumentet.
Slett overskrift
Slettar overskrifta og innhaldet som føljer overskrifta til neste overskrift med same disposisjonsnivå. Dette innhaldet tek også med avsnitt med disposisjonsnivå «Ingen» og overskrifter med disposisjonsnivå som er høgare enn den sletta overskrifta.
Flytt disposisjonsnivået opp
Hevar disposisjonsnivået på den valde overskrifta, og dei overskriftene som er under denne, med ein. For å berre heva disposisjonsnivået for den merkte overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten.
Flytt disposisjonsnivået opp
Flytt disposisjonsnivået ned
Senkar disposisjonsnivået på den valde overskrifta, og dei overskriftene som er under denne, med ein. For å berre senka disposisjonsnivået for den merkte overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten.
Flytt disposisjonsnivået ned
Flytt overskrifta opp
Flyttar den valde overskrifta, og teksten under denne, opp ei overskriftsplassering i disposisjonsnivået og i dokumentet. For å berre flytta den merkte overskrifta, og ikkje teksten som høyrer til overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten og trykk på dette ikonet.
Flytt overskrifta opp
Flytt overskrifta ned
Flyttar den valde overskrifta, og teksten under denne, ned ei overskriftsplassering i disposisjonsnivået og i dokumentet. For å berre flytta den merkte overskrifta, og ikkje teksten som høyrer til overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten og trykk på dette ikonet.
Flytt overskrifta ned
Du kan endra rekkjefølgja på overskrifter og tilhøyrande avsnitt ved å velja kategorien «Overskrifter» og så trykkja Innhaldsvising. Nå kan du bruka dra og slepp til å omorganisera innhaldet.
Disposisjonssporing
Set navigatormodusen for disposisjonssporing. Denne funksjonen gjeld berre for strukturinnlegg under Overskrifter i området «Innhald i navigasjonsvising». For å visa, slå på eller endra modusen, høgreklikkar du på Overskrifter eller eit element under «Overskrifter» og vel Følj struktur. Den valde modusen vert brukt på heile dokumentet.
I modus Standard og Fokus vil navigatoren automatisk velja den næraste overskrifta framføre markøren.
I Standar-modus vert visinga av disposisjonsoppføringane aldr endra, det vert berre vald ei disposisjonsoppføring.
I Fokus-modus viser navigatoren berre overskriftene på det valde disposisjonsnivået i høve til det neste, høgare disposisjonsnivået. Viss for eksempel ei overskrift på nivå 2 er vald, vert alle nivå 2 under den same nivå 1 overskrifta viste, medan overskrifter på nivå 3 - 10 (under den same nivå 1 overskrifta) er falda saman, altså ikkje viste. Også andre overskrifter som ikkje er under nivå 1, vert falda samane.