LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel kva helsinga skal innehalda. Dersom brevflettingsdatabasen inneheld informasjon om kjønn, kan du velja ulike helsingar om du skriv til ei kvinne eller til ein mann.
Legg til ei helsing.
Legg til ei personleg helsing i brevflettingsdokumentet. Fjern krysset frå denne boksen om du vil bruka standardhelsinga.
Vel ei personleg helsing til kvinnelege mottakarar.
Opnar dialogvindauget Tilpassa helsing (kvinnelege mottakarar).
Vel ei personleg helsing til mannlege mottakarar.
Opnar dialogvindauget Tilpassa helsing (mannlege mottakarar).
Vel namnet på feltet i adressedatabasen som inneheld informasjonen om kjønn.
Vel feltverdien som viser kva kjønn mottakaren har.
Vel standardhelsinga som skal brukast når du ikkje spesifiserer noka personleg helsing.
Førehandsvis helsinga.
Opnar dialogvindauget Tilordna felt.
Du kan bruka desse knappane når du vil sjå informasjonen i den førre eller den neste dataposten.
Neste steg: Vegvisar for brevfletting - tilpass utforminga
Du kan også trykka knappen Ferdig og brukaverktøylinja for brevfletting for å gjera ferdig brevflettinga.