Vegvisar for brevfletting - vel startdokument

Vel dokumentet du vil bruka som grunnlag for brevflettingsdokumentet.

Bruk dette dokumentet

Bruk det opne Writer-dokumentet som grunnlag for brevflettingsdokumentet.

Lag eit nytt dokument

Lag eit nytt Writer-dokument som skal brukast til brevfletting.

Byrja frå eit eksisterande dokument

Vel eit eksisterande Writer-dokument som grunnlag for brevflettingsdokumentet.

Bla gjennom

Finn Writer-dokumentet du vil bruka, og klikk på Opna.

Byrja frå ein mal

Vel kva for mal du vil laga brevflettingsdokumentet ut frå.

Bla gjennom

Opna eit dialogvindauge for å velja mal.

Byrja frå eit tidlegare lagra startdokument

Bruk eit eksisterande brevflettingsdokument som grunnlag for eit nytt brevflettingsdokument.

Vel dokumentet.

Neste steg: Vegvisar for brevfletting - vel dokumenttype

Støtt oss!