Vegvisar for brevfletting

Starts the Mail Merge Wizard to create form letters or send email messages to many recipients.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Vegvisar for brevfletting

Trykk på ikonet BrevflettingBrevflettingslinja:

Trykk på ikonet BrevflettingTabelldata-linja:

Ikon

Brevfletting


Før du byrjar vegvisaren for brevfletting vil du kanskje friska opp korleis du lagar ei brevfletting:

Laga eit fletta brev

Vegvisar for brevfletting - vel startdokument

Vel dokumentet du vil bruka som grunnlag for brevflettingsdokumentet.

Vegvisar for brevfletting - vel dokumenttype

Vel kva slag brevflettingsdokument som skal lagast.

Vegvisar for brevfletting → Adresser

Vel kven som skal motta brevflettingsdokumentet og vel utforminga for adresseblokka.

Vegvisar for brevfletting → Laga ei helsing

Vel kva helsinga skal innehalda. Dersom brevflettingsdatabasen inneheld informasjon om kjønn, kan du velja ulike helsingar om du skriv til ei kvinne eller til ein mann.

Vegvisar for brevfletting - tilpass utforminga

Bestemmer korleis adresseblokkene og helsingane skal plasserast i dokumenta.

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

Tilbake

Vis vala du gjorde i dialogvindauget i det førre steget. Innstillingane på dette steget vert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frå og med side to.

Neste

Trykk Neste. Då vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og går vidare til neste steg. På det siste steget vert denne knappen endra til Lag.

Første steg: Vegvisar for brevfletting → Vel startdokument

Støtt oss!