Set innrykking-, avstand- og justeringsinnstillingar for nummereringssymbola, som tal eller punktteikn, i sorterte eller usorterte lister.
For å bruka denne funksjonen …
Vel Format → Punkt og nummerering og fana Plassering.
Vel Vis → Stilar (Kommando + TF11) → vel Listestilar → sprettoppmenyen for ei oppføring → vel fana Ny/Rediger stil → Plassering.
Vel Stilar → Handsam stilar – vel listestilar – sprettoppmenyen for ei oppføring → vel fana Ny/Rediger → Plassering.
Vel fana Verktøy → Overskriftsnummerering → Plassering.
Nivå
Vel nivået/nivåa du vil endra. For å bruka innstillingane på alle nivåa, vel «1-10».
LibreOffice Writer brukar dei kontrollelementa som er viste her når eit dokument vert opna som brukar ein annan metode for plassering og avstand. Sjå om standardkontrollelementa i Plassering (listestilar).
Posisjon og avstand
Innrykk
Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen (eller venstrekanten til tekstobjektet) og venstrekanten til nummereringsområdet. Dersom den gjeldande stilen brukar innrykk, vil avstanden du gjev her koma i tillegg til innrykket.
Relativ
Det gjeldande innrykket vert sett i høve til det førre nivået i listehierakiet.
Breidd på nummereringa
Skriv inn breidda på nummereringsområdet. Nummereringssymbolet kan vera til venstre, sentrert eller til høgre i dette området.
Minste avstand mellom nummereringa og teksten
Justeringa av nummereringssymbolet vert justert for å få den ønskte minimumsplassen. Dersom det ikkje er mogleg fordi nummereringsområdet er for smalt, vert byrjinga av teksten justert.
Justering
Justerer nummereringssymbolet til venstre, midtstilt eller til høgre i nummereringsområdet. Plasseringa kan verta tilpassa for å halda på minimumsavstanden.
Justering av nummereringa påverkar ikkje justeringa av avsnittet.
Standard
Stiller tilbake verdiane for innrykk og mellomrom til standardverdiane.
Førehandsvising
Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.
Last inn/lagra
Lagrar eller lastar eit nummereringsformat for overskrifter. Lagra nummereringsformat er tilgjengelege for å lastast inn i andre tekstdokument.
Knappen Last inn/lagra er tilgjengeleg berre for overskriftsnummerering. Bruk listestilar for å lagra formatering for sorterte og usorterte lister.
Tilbakestill
Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.
Bruk
Brukar endringar i alle kategoriane utan å lukka dialogvindauget. Kan ikkje tilbakestillast med Tilbakestill.
Desse kontrollane kjem fram berre når du endrar ein listestil.