Ramme og objekt

Opnar ein undermeny der du kan setja eller fjerna lenkjer og endra innstillingane for ei merkt ramme.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Format → Ramme og objekt


Kopla saman rammer

Koplar den merkte ramma til neste ramme. Teksten vil automatisk flyta frå den eine ramma til den neste.

Opphev rammelenkjene

Bryt koplinga mellom to rammer. Du kan berre bryta den koplinga som går frå den valde ramma til målramma.

Eigenskapar

Opnar eit dialogvindauge du kan bruka til å endra eigenskapane for det valde objektet, for eksempel namn og storleik.

Støtt oss!