Eigenskapar

Tillet innstilling av ulike eigenskapar på innhaldskontrollen under gjeldande markør.

Generelle eigenskapar

Innhaldet er plasshaldartekst

Det gjeldande innhaldet vert oppfatta som plasshaldartekst og vert førehandsvald når du klikkar på innhaldskontrollen for å hjelpa til med å byta ut plasshaldaren med aktuelt innhald.

Tittel

Set inn ein tittel for kontrollelementet. Tittelen vert vist over kontrollelementet når markøren er i elementet. Klikk på tittelen for å opna dialogvindauget for kontrolleigenskapar.

Tagg

Taggar tener eit liknande føremål. Ein tagg er ein maskinlesbar nøkkel eller identifikator som er unik i dokumentet. Når skjemaet er fylt ut, kan eit eksternt program trekkja ut informasjonen frå dokumentet ved å søkja etter innhaldet i taggane.

Avkryssingsbokseigenskaper

Merkt teikn

Teikn brukt når avmerkingsboksen er merkt. Klikk knappen Vel for å opna dialogvindauget Spesialteikn.

Umerkt teikn

Teikn brukt når avmerkingsboksen ikkje er merkt. Klikk knappen Vel for å opna dialogvindauget Spesialteikn.

Kombinasjonsboks og nedtrekkslisteelementeigenskapar

Visingsnamn

Et menneskevenleg namn som forklarer listeelementet.

Verdi

Eit maskinvenleg namn som forklarer listeelementet.

Legg til, endra og fjern

Legg til, flyttar og fjernar element i lista.

Flytt opp og flytt ned

Flyttar element opp og ned i lista for å omorganisera visinga av lista.

Datoformat

Vel datoformatet for å visa datoen i datoinnhaldskontrollen.

Støtt oss!