LibreOffice 7.5 Hjelp
Sjå gjennom vanlege tilgjengeproblem i dokument og i støtte for PDF/UA-spesifikasjonar i dialogvindauget for PDF.
Verktøyet for tilgjengekontroll går gjennom doikumentstrukturen og samlar alle moglege problem med tilgjenget. Kontrollar kan køyrast manuelt via menyen, eller dei vert utløyset etter dialogvindauget for PDF-eksport når støtte for PDF er slått på.
Dialogvindauget for tilgjengekontroll viser ei liste over alle problema som finst i tekstdokumentet.
Trykk på knappen for å gå til sida og velja objektet eller problemet som krev merksemd for tilgjenge.
Kontrollar som nett no er implementerte er:
Kontroller at dokumenttittelen er sett.
Kontroller at språket for dokumentet er sett eller at det er sett språk for alle stilane som er i bruk.
Kontroller at alt-teksten er sett for alle bilete, grafikk og OLE-objekt (eller tittelen i nokre objekt).
Kontroller at tabellar ikkje inneheld delte eller samanslegne celler, noko som kan vera forvirrande for synshemma.
Sjå etter falsk/manuell nummerering (som ikkje brukar integrert nummerering). For eksempel å skriva «1.», «2.», «3.» i byrjinga av avsnitta.
Sjå etter at teksten i ei hyperlenkje ikkje er ei hyperlenkje i seg sjølv – teksten bør vera ei beskriving av koplinga.
Kontroller kontrasten mellom teksten og bakgrunnen. Algoritmen er omtalt i WCAG-spesifikasjonen.
Sjå etter blinkande tekst, noko som kan vera problematisk for folk med kognitiv funksjonshemming eller epilepsi som er kjenslevar for lys.
Sjå etter fortnotar og sluttnotar. Slike bør unngåast.
Sjå etter rekkjefølgja på overskriftene. Rekkjefølgja må auka stegvis, utan hopp (ikkje hoppa frå overskrift 1 til overskrift 3, altså utan overskrift 2.
Sjå etter om teksten gjev tilleggsmeining med (direkte) formatering.