Talgjenkjenning

Slår av eller på innstillinga for automatisk gjenkjenning av tal og datoar som du skriv inn i ei tabellcelle og konverterer dei frå tekst til eit høveleg talformat.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Tabell → Talgjenkjenning.


note

Når dette valet er slått på, vert det sett eit merke framføre kommandoen Talgjenkjenning.


Gjer at tal i ei celle i ein teksttabell vert oppfatta og formatert som tal. Tabellceller i LibreOffice Writer kan kjenda igjen eit tal når det er i eitt av talformata brukte i kategoriane tal, prosent, valuta, dato, klokkeslett, vitskapleg, brøk eller boolsk.

Tal som programmet kjenner igjen vert viste med standardformatet for tabellcellene og celleformatet vert sett til den kategorien talet er gjenkjend som. Viss talet for eksempel er oppfatta å vera ein dato, vert celleformatet sett til dato. Du kan setja cella til eit bestemt talformat, for eksempel at ein dato skrive inn som 8/3/2018 skal visast som «torsdag 8. mars 2018» når celleformatet er sett til «fredag 31. desember 1999» i dialogvindauget «Talformat».

note

Dato- og klokkeslett-tal som vert kjende igjen, vert omforma til interne dato- og klokkeslett-serieverdiar. Prosenttal vert omforma internt til talverdiar. Boolske verdiar vert omforma internt til 0 eller 1.


Når ei innskriving ikkje kan kjennast igjen som talverdi, vert talkategorien sett til Tekst og innskrivinga vert ikkje endra.

Viss det ikkje er merkt av for talgjenkjenning i innstillingane, vert tal lagra i tekstformat og vert automatisk venstrejusterte.

Støtt oss!